Utval: Kommunestyret
Møtestad: Møterommet, Midsund omsorgssenter
Dato: 23.02.2016
Tid: 12:00

PS 16/45 kommunereform i Midsund - Endelig vedtak

Du finner hele dokumentet her: Sak PS 16/45 

Forslag til vedtak:

1. Midsund kommune godkjenner intensjonsavtalen mellom Midsund og Molde.
2. Midsund kommune har gjennomført ein prosess ved utgreiing av ulike alternativ for kommunestruktur. Det er framforhandla 3 intensjonsavtaler. Det er også gjennomført høringar (innbyggarundersøkingar, folkemøte og rådgivande folkerøysting.) Med bakgrunn i intensjonsavtalen og utifrå ei samla fagleg vurdering, rår rådmannen til at Midsund og Molde i felleskap dannar ei ny kommune.
3. Midsund kommune gir tilslutning til at Gjemnes og Nesset kan bli med i den nye kommunen.
4. Midsund kommune stiller seg positiv i tida fram til 01.10.2016 til søknader/henvendelsar frå evt. andre kommunar på Romsdalshalvøya/Romsdal om å slå seg saman med dei kommunane som har gjort vedtak om å etablere nye Molde kommune.

Behandling i Formannskapet - 16.06.2016

Midsund Arbeiderparti og Midsund Senterparti la fram alternativt forslag til vedtak:
1. Midsund kommune har gjennomført ein prosess ved utgreiing av ulike alternativ for kommunestruktur. Det er framforhandla 3 intensjonsavtaler. Det er også gjennomført  to innbyggerundersøkingar, fleire folkemøte og rådgivande folkerøysting.
2. Med bakgrunn i rådet frå innbyggjarane, gitt i innyggjarundersøking og folkerøysting, ville det naturlege valet vore å slå seg saman med Aukra kommune. Sidan Aukra kommune har valt å stå aleine er ikkje dette lenger eit alternativ for Midsund kommune. Det er vidare dårlig oppslutning om ei samanslåing med Molde kommune i dei her nemnde innbyggjarhøyringane. Midsund kommune vil difor ikkje vedta samanslåing med andre kommunar i denne omgang.
3. Midsund kommune vil kontinuerleg vurdere situasjonen, og spørsmål om samanslåing med andre kommunar vil særleg være aktuelt å sjå på når samferdselsløysingar som Møreaksen og Kjerringsundet er nærare avklart.

Ved votering fekk rådmannen sitt forslag til vedtak 3 stemmer og 2 stemte for forslaget til AP og SP.

Vedtak i Formannskapet - 16.06.2016

1. Midsund kommune godkjenner intensjonsavtalen mellom Midsund og Molde.
2. Midsund kommune har gjennomført ein prosess ved utgreiing av ulike alternativ for kommunestruktur. Det er framforhandla 3 intensjonsavtaler. Det er også gjennomført høringar (innbyggarundersøkingar, folkemøte og rådgivande folkerøysting.) Med bakgrunn i intensjonsavtalen og utifrå ei samla fagleg vurdering, rår rådmannen til at Midsund og Molde i felleskap dannar ei ny kommune.
3. Midsund kommune gir tilslutning til at Gjemnes og Nesset kan bli med i den nye kommunen.
4. Midsund kommune stiller seg positiv i tida fram til 01.10.2016 til søknader/henvendelsar frå evt. andre kommunar på Romsdalshalvøya/Romsdal om å slå seg saman med dei kommunane som har gjort vedtak om å etablere nye Molde kommune.

Behandling i Kommunestyret - 23.06.2016

Midsund SP og AP la fram fellesforslag til alternativt vedtak:
1. Midsund kommune har gjennomført ein prosess ved utgreiing av ulike alternativ for kommunestruktur. Det er framforhandla 3 intensjonsavtaler. Det er gjennomført  to innbyggerundersøkingar og ei rådgjevande folkeavstemming. Med bakgrunn i rådet frå innbyggjarane, gitt i innbygjarundersøking og folkerøysting, ville det naturlege valet vore å slå Midsund saman med Aukra kommune. Romsdalsalternativet og alternativet med Molde har fått dårleg oppslutning.
2. Ei samanslåing med Aukra er ikkje aktuet før det vert fatta vedtak om realisering av samband over Kjerringsundet, jf. vedtak i Aukra kommunestyre  den 21.06.2016.  Midsund kommune er positive til å ta opp at prosessen  med Aukra kommune så snart det er vedtak om realisering av Kjerringsundet.
3. Midsund kommune skal vidareførast som eigen kommune, men spørsmålet om samanslåing med andre kommunar skal kontinuerleg vurderast.
4. Rådmannen utgreier innføring av e-skatt med sikte på innføring i 2017.

Ved votering fekk rådmannen sitt forslag til vedtak 10 røyster mot 7 for alternativt forslag til vedtak.

Vedtak i Kommunestyret - 23.06.2016